Akrylmaling på mellomtrinnet
(28.03.12) Elevane i 5.-7. klasse
fekk prøve seg som kunstnarar ein dag i februar. To profesjonelle
kunstnarar frå Stavanger hadde kurset, først teori frå kunsthistoria
og så praktisk maling. Her kan du sjå nokon av dei fine kunstverka!
Om du vil sjå fleire, heng alle utstilt på skulen. Sjå bilete
i skulen sitt album.
9. klasse har
meldt seg på filmkonkurranse!
(07.03.12)
Den siste tida har elevane arbeida med manus, filming og redigering
for å sende inn eit bidrag til ”Fiskesprells filmkonkurranse”.
Temaet for filmen skulle vere ”Matglede med sjømat”, der elevane
trakk fram dette med at ein kanskje synest fisken ser ekkel ut for
somme. Mr.Fisk, som meiner den nå veldig kjente Mr. Melk har fått
for mykje tid i rampelyset, tak saka i eigne hender med hjelp av 9.
klasse. Ein sporty 3.klasse stilte opp som testpersonell, og
konklusjonen var klar – fisk er godt!
Nå kryssar 9.klasse fingrane for å sjå om deira film nådde heilt opp
– premien er nemleg 10 000 kr til klassekassa.
På skuleball i
Etne
(07.03.12) Torsdag før
vinterferien var ungdomsskulen på ball i Etne. Enge skule var
vertskap for denne fine opplevinga.
Sjå bilete
i skulen sitt album.
Ei stor
oppleving for Skånevik skule
(07.02.12)
Med buss-sponsing frå det lokale næringslivet fekk me ta turen til
Voss, der det var Noregsmeisterskap på ski. Me valde torsdag den 26.
januar, sidan det var denne dagen me fekk høve til å heie på
Chris Jespersen. Heile 84 elevar og vaksne melde seg på,
plakatar og heiarop vart laga, og humøret var på topp! Sjå fotoalbum frå turen til Voss
Me
måtte opp litt tidlegare enn vanleg, då bussen hadde avreise klokka
0700. Rett før me køyrde kom Larsen Bakeri med bollar som me skulle
få. Dette vart me sjølvsagt svært glade for –TUSEN TAKK!!
Turen til Voss tok fire timar. Når me kom fram vart me tatt i mot av
ein elev frå den vidaregåande skulen på Voss, som førte oss til
basen vår. Basen var på eit aktivitetsområde der det var masse kjekt
å finne på. Alt frå ansiktsmaling til villmarksleir,
sceneunderhaldning, aking og miniski. Fleire av elevane var med på
scena og framførte eit heiarop til Chris. Om han høyrte oss veit me
ikkje, men det var i alle fall ein skiløpar verdig.
Høgdepunktet var nok utan tvil 15 km friteknikk. Me stilla oss opp
forskjellige stader langs løypa for å sjå og heie på Chris. Han
gjekk forbi oss tre gonger, og alle gongene heia me så godt me
kunne. Fleire synest og det var stas å sjå Therese Johaug og Petter
Northug jr, medan andre til og med fekk eit glimt av HKH Kong
Harald. Me var på Voss til alle var gått i mål, og Chris hamna til
slutt på 19.plass. Han var ikkje heilt nøgd med det, men me frå
Skånevik skule er i alle fall nøgde med å ha sett han i aksjon! Me
vil tru at den store heiagjengen gav han litt ekstra energi til
resten av NM, der han til og med fekk bronse i stafetten på
søndagen!!
Me
vil i alle fall takka Johansen Rør, SØK, Tungesvik Bygg,
Skånevikstrand Maskinstasjon, SMV, Skånevik Nett, Spar og Knutsen
Dørfabrikk for at dei var så positive, og at dei såg verdien i ei
slik oppleving for elevane, TUSEN, TUSEN takk!!!
Aktivitetar før jul
(12.12.11) Så er me inne i innspurten også for dette
semesteret. Tentamen, juleverkstad, baking og andre
juleaktivitetar er i gong. Litt om det som skjer framover: Juleverkstad: Klassane har juleverkstad til ulike tider
framover. 1.-4. kl tysdag 13. desember og 5.-7.kl. onsdag 14.
Føresette er velkomen til å hjelpe til eller sjå. Meir informasjon
om juleverkstad blir gitt på lekseplanane. Her vil det nok og stå
ein del anna informasjon desse siste vekene, så det er bra om ein
kikkar ekstra godt på lekseplanane framover.
Les om alle aktivitetane
Indiamarknad
(07.11.11)
Fredag 29.oktober hadde me den
årlege FORUT-marknaden på
småtrinnet. Me hadde i forkant blitt
kjende med 5 år gamle Indrani frå
India via musikk, dans og
forteljingar. Ho kjem frå
slumområda i Bangalore, der ho bur
saman med besteforeldre og ein bror.
Mor og far og eldstebroren, som har
epilepsi, bur hjå farmor og farfar.
Indrani går endå i barnehage, men me
håpar at ho og venene hennar med
hjelp frå FORUT-midlar får ein heilt
ny og fin skule.
Elevane kunne ha med seg ”lopper” som dei ville selje til inntekt
for FORUT. Foreldra stilte med kaffi og kaker, som me selde på
kafeen. Der kunne ein også kjøpe ”Rice and Curry” som er ein kjent
indisk rett. Det var også lotteri, og underhaldning med song og
dans.
Mange vitja marknaden denne dagen, og det vart eit flott resultat.
Me vart utselde for varer og lodd på null komma niks! Og resultatet
vart på heile 11858 kroner, noko som er kjempebra! HURRA J
Heile skulen på tur
(07.10.11)
Fredag 30. oktober var heile skulen på tur. Alle var i
godt humør, veret var strålande og vi koste oss med grilla
pølser. Dei som gikk lengst var på Leknesnepa.
Med penslar og stilas
(10.06.11) Forrige skuleår laga 6. og 7.
klasse fine skisser til korleis inngangspartiet på skulen kunne få
ei ansiktsløftning. No er det endelege resultatet ferdig, utført av
årets 7. klasse. Dei har finpussa idear, skissa, klatra i stilas og
malt med flotte, friske fargar. ”Terrassen til Mary” er ny til
sommaren!
Spar jentebølgen
(10.06.11)
Sjå bilete frå Spar
Jentebølgen den 27. mai der Norsk Lærarindelaug deltok.
Thorbjørn Egner - kveld
(10.05.11)
Tysdag den 22. mars kl. 18.30
arrangerte 1. - 4. kl. Egner-kveld
gymsalen på Skånevik skule.
Sjå mange fine bilete i vår album frå
denne kvelden!
UKM -fylkesfinale i Bergen
(12.04.11) 2.-3. april
deltok Gunvor og Alexander frå Skånevik skule, på fylkesfinalen i
Ungdommens Kultur Mønstring. Dei to flotte portretta, inspirert av
sjølvaste Picasso, vart stilte ut i Grieghallen saman med mange
andre verk frå heile Hordaland. Sjå
www.ukm.no for meir bilete og info om mønstringa.
Internasjonal kveld
(29.03.11)
Onsdag kveld den 16. mars inviterte mellomtrinnet familiane sine til
internasjonal kveld på skulen. I eit tverrfagleg prosjekt
mellom samfunnsfag, RLE, norsk, musikk og kunst& handverk, har
elevane gruppevis fordjupa seg i ulike land og kulturar. Dette
resulterte i afrikansk dans, norsk folkemusikk og trommeinnslag frå
scena, samt ei fargesprakande reiselivsmesse. Her reklamerte
elevane for sine land gjennom plakatar, illustrasjonar, souvenirar
og innbydande smaksprøvar. Ein flott kveld!
På vegne av oss kontaktlærarar på mellomtrinnet: Stor takk til alle
som kom, og for all hjelp elevane har fått med utstyr og
smaksprøvar. Sjå bilete i album
Sjølvportrett
inspirert av Picasso
(18.02.11)
7. klasse har i kunst og handverk jobba med kunstnaren Pablo
Picasso. Ut frå hans teknikkar, form- og fargeval, har elevane latt
seg inspirere, og kombinert med element som fortel noko om dei
sjølve. Bileta som også har delteke på UKM i år, heng no til
utstilling på skulen.
Pepperkakebygd
(13.12.10) Med kvistar,
karnappar, utbygg, og både beine og skeivare vinklar, pyntar no ei
flott samling pepperkakehus opp inngangspartiet på skulen.
5., 7. og 8. klasse har stått for uforming og bygging . Elevane har
teikna perspektiv, laga mønster og modellar, baka, pynta og bygd.
Ein omfattande prosess, med mykje læring både innan kunst og
handverk, matematikk og kjøkken. Trolldeigfigurane har også klassane
laga sjølve. Sjå bilete i album
Skulearket desember 2010
(13.12.10)
Rektor: Så er me inne i
innspurten også for dette semesteret. Tentamen, juleverkstad, baking
og andre juleaktivitetar er i gong.
Litt om det som skjer
framover: Juleverkstad: Klassane har juleverkstad til ulike tider
framover. Informasjon om dette blir gitt i lekseplanane. Her vil det
nok stå ein del anna informasjon og desse siste vekene, så det er
bra om ein kikkar ekstra godt på dei nå.
Søndag 12.
Julekonsert i kyrkja:
Elevar i 1.–5. kl er spurd om å delta med eit par songar. Avheng av
kor mange som kan møta. Les heile
skulearket
MOT til å glede dagen 23.
november
(30.11.10) Som ungdom over heile landet
markerte også Skånevik ungdomsskule MOT til å glede dagen.
Ein dag som handlar om å bry seg litt ekstra,
både ovanfor kjende og ukjende.
Ungdommane i Skånevik viste godt igjen i Skånevik sentrum nokre
timar denne dagen. Det vart delt ut pepperkaker i ferjekøen,
lykkeboller og lappar med hyggeleg bodskap til forbipasserande. På
Spar vanka det både gratis pepperkaker og hjelp til å pakke i
posane. Nokon gjekk på besøk nedover i klassane og arrangerte
leikar, medan andre gjekk på besøk i barnehagen.
Vil
du gjere noko ekstra kjekt?
- Ta ein
telefon/send ein sms til nokon du ikkje har snakka med på lenge.
- Gjer
ein teneste for nokon som treng det.
-
Overrask heime med nybaka boller.
- Smil
og sei hei til nokon du ikkje kjenner så godt!
Indiamarknad
(03.11.10)
Fredag 29.oktober hadde me den årlege FORUT-marknaden på småtrinnet.
Me hadde i forkant blitt kjende med 5 år gamle Indrani frå India via
musikk, dans og forteljingar. Ho kjem frå slumområda i Bangalore,
der ho bur saman med besteforeldre og ein bror. Mor og far og
eldstebroren, som har epilepsi, bur hjå farmor og farfar. Indrani
går endå i barnehage, men me håpar at ho og venene hennar med hjelp
frå FORUT-midlar får ein heilt ny og fin skule.
Elevane kunne ha med seg ”lopper” som dei ville selje til inntekt
for FORUT. Foreldra stilte med kaffi og kaker, som me selde på
kafeen. Der kunne ein også kjøpe ”Rice and Curry” som er ein kjent
indisk rett. Det var også lotteri, og underhaldning med song og
dans.
Mange vitja marknaden denne dagen, og det vart eit flott resultat.
Me vart utselde for varer og lodd på null komma niks! Og resultatet
vart på heile 11858 kroner, noko som er kjempebra! HURRA.
Sjå album
UMM - Ungdom med MOT
(19.10.10)
4.-5. oktober vart 15 ungdommar frå Etne kommune, frå Enge- og Skånevik
skule, skulerte til å vera ungdom med MOT. Denne positive gjengen
ynskjer å vera gode førebilete og miljøskaparar på skulane sine.
Kurset fann stad på Rullestad og vart leia av Therese Brekke Lundal,
Hege Garvik og Siri Klokkerstuen.
MOT sin
visjon er å gi ungdom eit varmare og tryggare oppvekstmiljø. Å rusta
ungdom til å ta sjølvstendige, fornuftige valg. Å ha MOT til å bry
seg, MOT til seia nei om det trengst, og ha MOT til å leva og vera
seg sjølve.
Gled
dykk til MOT til glede dagen 23. november! Då får de sjå meir til
desse 15 og alle dei andre kjekke ungdommane på skulane våre!
Vennskapslunsj
(07.10.10) I veke 37
denne hausten har mellomtrinnet hatt vennskap på timeplanen.
Klassane har sunge, dramatisert, teikna og snakka om temaet. Fredag
17. september arrangerte me felleslunsj for alle 5.-7. klasse.
6. klasse hadde baka deilige rundstykke og skulen kjøpte inn godt
pålegg. God matlyst, god bordskikk og positiv stemning gjorde dette
til ei kosleg avslutning på veka.
Ut på tur. Aldri sur. (21.05.10) Tre onsdagar på rad har 8. klasse
vore ute på tur: 05.05 var me saman med 8 . klasse på Enge skule på
turistforeininga sitt landsomfattande opplegg OPPTUR. Det
blei ein fin og kjekk dag. Me gjekk opp Ryggjalia til vatnet Tosko
der me åt nista og kosa oss. På vegen opp hadde Etne turlag laga til
postar med oppgåver. Fine premiar vart trekte ut, men dei gjekk til
Enge. Alle fekk T-skjorter og frukt då me kom attende til start.
Fint ver og kjekk tur.
12.05 var 8. og 9. klasse ved
Skånevik skule til Stord og sprang TINE – stafett. Dette er
også eit landsomfattande opplegg. Me enda på 4. plass, og det var me
nøgde med sidan me er så få i klassen. T-skjorter fekk me denne
dagen også ! Det vart elles tid til litt shopping og kos på Leirvik
før me tok båten heim igjen.
19.05 drog me på sykkeltur til
Sandvik der me grilla og kosa oss. Nokre dreiv med avansert
matlaging, dei tøffaste var uti og dukka. Soling og ballspel vart
det og. Denne turen vart bestemt i klasseråd dagen før. Denne veka
er det nemleg MOT si ”Begeistringsveke” på ungdomstrinnet. Me snakka
om kva som gjer oss begeistra t.d. smil, ros, at nokon tar kontakt
osb. Men alle var einige om at det å gjera noko kjekt i lag i
klassen, gjer oss glade og begeistra. Mange forslag vart drøfta,
men vedtaket blei altså sykkeltur til Sandvik. Sol og fint ver fekk
me denne dagen og. Sjå album
Engelskprosjekt
50-,60-,70-talet (20.05.10) 8.
klasse har hatt ei gruppe oppgåve i engelsk med å presentera kvar
sitt tiår. Gruppene valde sjølv stoff og presentasjonsmåte.
Dei fleste valde å ta med litt klede. Her er nokre av antrekka.
Sjå album
Med nebb og fjør(18.03.10)
Fargerike fantasihøns er no å sjå i
utstillingsmonteret på skulen. 6.- 7. klasse har forma og
designa ved hjelp av avispapir, tape, gips og maling. God påske!
Ski og leik på
Øspehaugflaten Tysdag
9. mars var 1.-7. klasse på felles skidag på Øspehaugflaten/
Tjellebakkane. Med fine løyper, hopp og leik i bakken, samt bålkos,
vart dette ein fin dag for både små og store. Lite bilete
skuldar me på læraren, som ikkje lada kameraet før turen.
Teatersminke
3. klasse utfoldar seg med teatersminke. Det å verta sminka i heile
ansiktet er ikkje berre berre. Nokon syntest det var deilig medan
andre syntest det var ganske så ekkelt. Dei jobba saman to og to,
alle fekk prøve både å bli sminka og å sminke sjølv. Resultatet vart
rett og slett skremmande...
Kolstift og kroki Med
inspirasjon frå sjølvaste Leonardo da Vinci, har 6.- 7. klasse
studert menneskekroppen ved å stå modellar for kvarandre. Me har
studert kroppsstillingar, proporsjonar og ikkje minst korleis ein
kan få dette ned på papiret. Krokiteikning tyder ”raske skisser”, og
elevane har ikkje nytta mange minuttar på teikningane. Utstillinga
er å sjå i glasmonteret på skulen.
Matematikkens dag På
Skånevik skule har matematikkens dag blitt ein god tradisjon. Heilt
sidan 2002 har me hatt ein heil dag med matematikk for alle elevane
på skulen. Dagen blir delt i tre økter: spel, problemløysing og
geometri/forming. Elevane jobbar saman i grupper på tvers av
klassane, på kvart av dei tre trinna. Det er kjekt å sjå store og
små elevar samarbeida, og løysa oppgåver i lag. Det er mange elevar
som oppdagar at matematikk er så mykje meir enn pluss og minusstykke
i boka.
På mellomtrinnet
og ungdomstrinnet er det og ein konkurranse om å bli den gruppa som
samlar mest poeng. Her tel vinnarflaksen på speleøkta, evna til å
finne kreative løysingar på problemløysingsoppgåvene og til å gjere
eit nøyaktig og fint arbeid på formingsaktiviteten. Vinnargruppene
får ein tur på Larsen for å kosa seg med mat og drikke. Bilda
vitnar om stor aktivitet og ein annleis dag! Sjå album
Snøaktivitetar i 1. og 2.
klasse
Her er den spreke gjengen i 1. og 2. klasse. Me hadde ein kjempefin dag
på Ospehaugflata i skiløypene der ein torsdag i januar. Først bar me
ski og sekkar opp til tanllegen sitt hus, før me tok på oss ski og
gjekk opp til dei oppkøyrde løypene. Så gjekk og gjekk me, før me
koste oss med mat og drikke. Men ikkje nok med det..., me bar ski og
sekkar nedatt og! Me har og hatt mange fine turar i akebakken på
skulen, laga isskulpturar, borger og mykje anna. Kjempekjekt med
snø! Sjå fleire bilete på klassen si side
Frukost på skulen
I mange år har 1. og av og til 2. klasse ete frukost på skulen. Alle
startar dagen gode og mette, og klar til innsats. Alle får og sagt
det dei har på hjarta, og det er ikkje lite. Seinare på dagen blir
det altfor lita tid til den gode praten. Håpar me kan halde fram med
dette i åra framover og.
Vinteraktivitetar 3. klasse hadde
fin tur til Åsheim, tysdag 12.januar. Det var fleire bakkar me kunne
renne i. Både ski og akebrett fekk me lov å bruke. Maten smakte godt
rundt bålet, særlg dei varme pølsene. Det var -5 grader, men me
fraus ikkje. Tysdag
12. januar drog
8. klasse til Etne for å skeisa på Etne fjorden. Det var ein
fin tur. Kjekt å skeisa. Sola skein og vermde ganske godt, men det
var også bra å drikka varm kakao frå termos .
5. klasse hadde også ein fin skidag saman med lærarar og rektor.
Med sager, knivar og masse kreativitet har 4. klasse laga utstilling
for forbipasserande ved Skånevik skule. Stopp opp og la deg
inspirera neste gong du går forbi! Sjå album
Å male på snøen! Jentene har laga fruktfat. Først
forma dei snøen ved hjelp av hender og sag, deretter har dei måla
snøen i friske fargar.
Minikonsert Siste
musikktimen før jul hadde U-trinnet mini-konsert for dei yngre
elevane. "Imagine", "Mary's boychild" og "Happy X-mas" vart framført
av tre ulike grupper med elevar. Sjå album
Juleverkstad
s-trinn I år
prøvde me ein ny vri på juleverkstaden for småskulen. Me inviterte
elevane med foreldre til å koma på kveldstid onsdag 9. desember.
Mange stilte opp, og det vart ein koseleg førjulsaktivitet.
Programmet var delt i tre økter: lage "julemus", lage julenisse og
grille pølser ute på bål.
Hektisk aktivitet og mange blide fjes var å sjå! Sjå album
Grautfest Fredag kom
foreldre frå FAU og laga graut til alle elevar og vaksne på skulen.
Elevane samla seg rundt langbord, og kosa seg med måltidet. Det var
og mandler i grauten, så nokon var heldige og fekk med seg ein
premie heim. Takk til FAU som ordnar dette i stand for oss! Sjå album
Juletrefest
Torsdag
kveld var det fullsett gymsal. 1.-7. klasse hadde juletrefest, og
folk møtte mannsterke opp. På scenen var det mange utradisjonelle
innslag dette året. 1.-2. klasse starta det heile med eit skodespel
der me på grunn av det spesielle lyset berre såg kvite gjenstandar.
Dette
utnytta dei til fulle, og stjerner og englar dansa over scenen. 3.
klasse hadde tatt utgangspunkt i serien Blåfjell og framførte songar
med dans og rørsle til. 4. klasse starta friskt med "Hjalmar", og
dei 3 tøffe gutane gjorde ein spesielt god innsats. Etterpå følgte
dei opp med "Julekveldsvise", der dei ulike juleførebuingane blei
demonstrert. 5.-7. klasse hadde felles innslag med
sirkusførestelling. Elevar triksa, hoppa tau, turna, slo hjul, var
klovn, steila på sykkel, triksa med diablo og mykje andre triks
samtidig som dei framførte songen "Det er stilig". Også dei avslutta
sitt innslag med ein julesong: "I en natt". Etterpå vart det gong
rundt juletre og sjølvsagt mandariner frå nissar i 7. klasse. Flott
gjennomført program! Sjå album
Juleverkstad for mellomtrinnet Onsdag 16.12.
hadde mellomtrinnet juleverkstad heile dagen. Elevane var
delt i tre aldersblanda grupper og var innom 3 ulike stasjonar:
baking av julemenn, støyping av lys og filting av julepynt. Det såg
ut som elevane kosa seg og med litt julemusikk i bakgrunnen var
stemninga god. Kanskje det blir sjølvlaga julepresangar til
familien? Sjå album
Juletrepynting 8.
klasse Det er tradisjon at 8.
klasse pyntar det store juletreet i gymsalen kvart år. Det er ein
stor jobb, og ein må ta i bruk både galleriet og stige for å nå opp
i toppen. Men når arbeidet er gjort blir resultatet flott!
Lucia Mandag 14. des
gjekk 3. klasse Lucia på heile skulen. I veka før hadde dei bakt
Lucekattar som dei delte ut til både born og vaksne. Eit hyggeleg
innslag i adventstida.
Ein støvel til å bli glad av(08.12.09) I løpet av
hausten har 4. klasse jobba med å designe ny dekor til ein gamal
støvel. Kva blir du glad av? Dersom hausten og vinteren
kjennest mørk og trist, kan det kanskje hjelpa med ein trivelig
støvel? Elevane har idèmyldra, skissa, vaska, grunna, malt, dekorert
og lakka- og resultata er no å sjå i utstillingsmonteret til
Skånevik skule. Velkommen på utstilling.
Konsert for u-skulen
(25.11.09) Rafi ki –
min venn av Hussein Masimbi og Trym Bjønnes «Ein venn er noko som hjartet treng
heile tida»
Publikum frå U-skulen fikk høyre ein flott konsert med blanding av
tradisjonell musikk frå Noreg og Tanzania, med element frå blues,
populærmusikk og world. Nytt og gammalt blei blanda i eit vokalt og
rytmisk uttrykk. Les meir
MOT til å glede 2009
(24.11.09) Måndag
23. november markerte ungdommar over heile landet MOT til å glede
dagen. På Skånevik skule
hadde elevar frå ungdomsskulen meldt seg på ulike komitear, for å
spre glede i lokalsamfunnet. Og kreativitet og
entusiasme var det rikeleg av! Ungdommane delte ut smil og
pepperkaker i ferjekøen, pakka varer på Spar, delte ut hyggelege
kort til forbipasserande, gjekk på barnehagebesøk og klassebesøk på
småtrinnet. ”Den største
gleda ein kan ha, det er å gjera andre glad”.
Skulejoggen 2009
(20.11.09)
I slutten av
oktober
var det andre året vårt med "Skulejoggen", og nok ein gong blei
det stor suksess! Heile skulen var ute i to skuletimar, og
elevane sprang frå 3-9 rundar. Me hadde saftstasjon med
drikke og frukt, eit nydeleg ver og mange blide og fornøgde
elevar!
Sjå album
Kvitebjørn
(28.10.09) 6.
og 7. klasse er i gong med
kvitebjørnprosjekt, i år som i fjor. Tema for i år er "fantasi
og skaparkraft" og litt av målet er at elevane skal bli betre kjend
med heimbygda si.
Følg med på
bloggen vår i veke 44 og 45. Her kan du også få vite meir om
sjølve prosjektet.
Fjelltur til Lyngtun (25.09.09) Tysdag
15. september var heile skulen på fjelltur. 1.-4. klasse gjekk då
til Lyngtun, fam. Bøthun si hytte. Det var litt tungt, men alle kom
opp og kosa seg med leik og mat.
Fjelltur til Ulvanåsi
(25.09.09) Tysdag
15. september var heile skulen på fjelltur. Dei hadde lova oss fint
ver, men det vart overskya, tåka og litt regn. Likevel gjekk 50
blide elevar oppover mot Ulvanåsi. Halvparten valde å stoppa
på Dyrrind, medan halvparten kom heilt til topps! Dessverre fekk dei
ikkje nyte den flotte utsikten på grunn av veret!
Sjå album
Felles lunsj for ungdomstrinnet
(23.09.09) Klassane
har snakka litt om vennskap, om samvær og om å vera
høflege og greie. I samband med dette hadde me ein lunsj der
alle bidrog. 10. klasse stod for borddekking og bordkort, 8.
klasse baka og smurde lefser, og 9. klasse hadde hovudansvaret
og laga fint koldtbord.