 
Arkiv
02/03
Arkiv 03/04
Arkiv 04/05
Arkiv 05/06
Arkiv 06/07
Arkiv 07/08
Arkiv 08/09
Nokre av aktivitetane ved
skulen i skuleåret 01/02
Temakveld
om
internett, mobilvett, tv- og dataspel og digital mobbing.
Me
veit at dette gir born og ungdom store utfordringar som det er
viktig at me som vaksne så godt som muleg er oppdatert på.
Per
Magne Olsen frå BarneVakten held foredrag
i Gymsalen ved Skånevik
skule Tysdag 5. mai kl. 19.00. Etter foredraget vil det
bli kaffi m/noko attåt og samtale
Viktig
at alle foreldre møter opp til temakvelden!!
Arr:
FAU v/Skånevik skule, Helselaget og soknerådet
Arrangementet er sponsa av
Folkeakademiet
Juleverkstad
Tirsdag
11. og torsdag 12. desember hadde 1.- 4. klasse juleverkstad i lag.
Den eine dagen baka me pepperkaker og pynta dei etterpå.
Den
andre dagen laga me julepynt.
Me laga juledekorasjon og pynta fine røter som Olaug hadde funne
til oss. Dessutan
laga me nisse, stjerner og hjerter.
Skulearket
januar 2002 (29.01
2002)
GODT NYTT ÅR
Tida går fort og me er alt snart ferdig
med januar. Set inn eit bilete av snømannen og håpar at me vil få
litt vinter med snø i år og. Borna er i alle fall svært aktive
ute når det er snø. Det trengs.
Nye rapportar konkluderar
med ei utvikling der born set mykje for mykje i ro, både på skulen
og heime. Ei nyttårsoppfordring nå må difor vera:
Bytt pc og fjernsyn ut med
aktivitetar ute. Skulen har friluftsliv som eit av sine satsingsområde
og vil freista å bli flinkare til å tilretteleggja for å nytta
uteområdet i undervisninga.
SFO
For
tida er det så fullt av born i SFO at me ikkje har kapasitet til ta
imot born som treng kjøpa sfo einskilde timar/dagar. Dette gjeld
ikkje onsdagar
Skånevik skule har fått heimeside
Dei som er brukarar av internett kan nå gå inn på
skulen si heimeside å skaffa seg informasjon. Heimesida vil
gradvis verta utvikla vidare med meir stoff og foreldre må svært
gjerne kom med innspel.
Her kan ein leggja inn ulike planar skulen
har, referat frå FAU, SU,m.m. Ikkje minst er det viktig å formidla
elevprodukt, prosjekt og aktivitetar dei har vært med på.

Samarbeid
heim – skule
Skulane
i Etne skal dette skuleåret undersøka korleis kvaliteten på
samarbeidet mellom heimen og skulen er. Til dette er det utarbeida
eit skjema som eg håpar alle vil svara på. Skjemaet er handsama i
FAU, som sluttar opp om undersøkinga. FAU og skulen vil og bruka
resultatet av undersøkinga til å drøfta samarbeidet. Har du
framlegg til korleis ein kan gjera samarbeidet betre, håpar eg at
du skriv litt om det på punkt 4. Er det lite plass her kan du
skriva meir på baksida av spørjeskjemaet. Returner skjemaet til
skulen innan tysdag 5.februar.
Frå
årsplanen
Fredag 1. februar er elevfri dag.
Veke 5-6: Undersøking av samarbeidet heim
– skule
Matematikkens dag
Veke 9: Vinterferie
Veke 10: Håpar på
skidag
Veke 11: 7. kl.
Leirskule
Veke
11 – 12: 9.kl. utplassert i arb.livet
Helsing
Kjell Ingvald
Matematikkens
dag
Mange
vil vel hevda at ein heil dag med matematikk må vera
frykteleg kjedeleg. Dei som seier dette skulle vore på Skånevik
skule torsdag den 7.februar. Alle elevane ved skulen
var i full sving med matematikk dagen lang. Grunnen til denne
store iveren i matematikk har si forklaring.
I år er det 200 år sidan
nordmannen Niels Henrik Abel vart fødd. Han er rekna for å vera
ein av dei største matematikarar som har levd, sjølv om han berre
vart 27 år gamal.(1802-1829).
Styret i landslaget for
matematikk i skulen (LAMIS) lanserte ideen om ein matematikkdag i
veke 6. Skulen vår fatta interesse for dette tiltaket, og gav Kari
Johansson i oppdrag å planleggja korleis dette kunne gjennomførast
ved skulen vår. Eit oppdrag ho har løyst på ein framifrå god måte.
Elevane vart inndelt i tre hovudgrupper – småskulesteget(1-4),
mellomsteget(5-7) og ungdomssteget(8-10).
I løpet av dagen skulle
elevane vera innom tre aktivitetar – spel, problemløysing og
design (formingsoppgåve der ein nytta seg av matematiske figurar/kurver)
I problemløysing og design arbeida elevane i aldersblanda grupper,
medan speleøkta vart gjennomført internt i klassen.
På mellomsteget og
ungdomssteget var det lagt opp til kåring av beste gruppe på kvart
steg, og når elevane var på spel samla dei poeng til si gruppe.
Innsatsen og engasjementet var stort gjennom heile dagen, og både
elevar og lærarar gav uttrykk for at dette var noko ein måtte
gjera fleire gonger.

Vinnarane på mellomtrinnet
Elevane på mellomsteget og
ungdomssteget var samla i hallen ved skulen dagen etter til kåring
av beste gruppe på kvart steg.

Vinnarane på ungdomstrinnet
Rektor delte ut diplom til
gruppene og kunne samstundes avsløra at desse to gruppene skulle
på Larsen Bakeri saman med prosjektleiar Kari Johansson.
Skulen spanderer kaker/boller og drikke. Vonar
iver og innsats er like stor når me prøver att til neste år.
Drama
I
vekene før vinterferien hadde 5.-7. klasse temaet
drama i lag. Som ein introduksjon til emnet var lærarane sjølv
med og viste "Dei tre bukkane bruse" med ulike dramamåtar.
Elevane skulle velja kva måte dei ville jobba med å framføra ein
tekst på, og gruppene vart laga ut i frå desse vala.
Etter at gruppene var sett saman valde dei sjølv
kva tekstar dei ville jobba med. Men heilt frå starten visste me at
det var 1.-4. klasse som skulle få æra av å vera med på
framsyningane. Dermed vart det vald barnetekstar og eventyr.
Gruppene jobba godt med tekstskriving, øving
og kostymelaging. I løpet av to veker var me nesten klar til
framsyning....
Tirsdag 19.2. var 80 elevar samla i gymsalen,
så det var nok nokon som var litt nervøse. Det blei vist eventyr på
flanellograf, dokketeater, skuggespel og dramatisering ut frå eit
bilete.
I desse tider er det alltid litt
sjukdomsforfall så dei andre gruppene måtte vente til torsdagen
etter for å vise sine produkt. Også denne dagen var det samla eit
stort publikum, og nok ein gong gjekk det veldig bra. Denne gongen
vart det framføring av eventyr med lydkulissar, skodespel, song og
dansing.
Håpar også publikum synest at det var verdt
å sjå dei flinke elevane i 5.-7. klasse!
Karneval
Februar
er karnevalstid og 1.- 4. kl. laga masker sjølv og gjekk i lang,
lang rekkje gjenom klasseromma på skulen. Etterpå var det
fastelavensboller både med og utan krem.
Skulearket
mars 2002 (12.03
2002 )
Skidag
Ut frå semesterplanen skulle det vært skidag denne veka, men
veret har ikkje gitt høve til det. Skidagen er drøfta i lærarkollegiet
og i FAU og ein går inn for dette opplegget:
U-steget
får tilbod om å reisa til Røldal skisenter og
1-7 kl
til Fjellhaugen skisenter. Kostnadane vert om lag like: Transport
ca. kr. 100. Skikort kr. 80 i Røldal og kr. 60 på Fjellhaugen. I Røldal
kan ein leiga skiutstyr til kr 80,- (brett kr. 150,-)
1. –
2. kl får ikkje lov å bruka skitrekk, 3.-4.kl. får bruka skitrekk
dersom dei har skriftleg melding med frå heimen.
5.-7.kl. får nytta skitrekket (alle må sjølvsagt betala
for dagsakort). Foreldre har høve til å vera med, men alle må
nytta bussen som vert leigd inn. U-steget satsar på skidag etter påske,
medan 1.-7.kl. nyttar godveret når det kjem, før eller etter påske.
Alt nå
er det tid for å sjekka utstyret for på kort varsel vera klar til
skidag.
Samarbeid
heim – skule
Ein del lurer nok på resultata av undersøkinga som vart
gjort om samarbeidet heim – skule. Oppslutninga var ikkje den
beste, i underkant av 50 % svara. Resultata har vært handsama i lærarkollegiet
og i FAU. Undersøkinga syner at svært mange synes samarbeidet
mellom heimen og skulen er bra. Det er me glad for. Me kan likevel
verta betre og særleg kan me aldri verta flinke nok med å gi
informasjon. Dette gjeld begge vegar. Resultatet syner og at me kan
alle verta flinkare til å gjera oss nytte av klassekontaktane. Ein
oppfordring frå skulen er og at foreldre ikkje må vera redd for å
ta kontakt med skulen og gjerne koma på besøk.
Krl
– faget
Krl-faget
er ofte i fokus i media. Mange har ut frå ulik religiøs ståstad
vanskar med innhald og at faget er obligatorisk. Nå held ein på og
revidera faget og ny læreplan vil vera klar frå 01.08.02.
Ein
del lurer på fritaksretten som gjeld for faget og i samsvar med FAU
(der dette vart drøfta) sender eg ut
eit informasjonsark om faget og eit meldingsskjema som skal
nyttast om ein vil søkja delvis fritak frå faget. Meir informasjon
kan ein få ved å venda seg til underteikna.
9.kl.
vil
nå i to veker vera utplassert i arbeidslivet.
7.kl.
er førstkomande veke på leirskule i Hålandsdalen. Vonar begge
klassane får nyttige og kjekke veker.
God Påske,
når den tid kjem!
Helsing
Kjell Ingvald
Leirskule
i 7. klasse
Den 11.mars reiste me på
leirskule til Hålandsdalen. Turen
dit tok 4 timar med buss og ferje.
Anne Martinsen frå leirskulen har var her og fortalte at me
skal ha ulike grupper med
forskjellige oppgåver kvar dag.
Om kvelden var det disco og underhaldning.
Me var saman med ein 6.klasse frå Aurdalslia skule i Bergen.
Dei var 12 jenter og 16 gutar.
Fredag 18.mars reiste me heim.
Besteforeldrefest
23. mars
Nesten
alle elevane fekk besøk på skulen denne føremiddagen, enten av
besteforeldre, tanter eller naboar. Elevane hadde laga mykje fint
program, både med song, blokkfløytespel, line-dans og sketsjar.
Foreldra kom med kaker og kaffi og alle som kom fekk ei hyggjeleg føremiddagsstund
på skulen.
Elevane
i 3. - 4. klasse både song, resiterte og spelte blokkfløyte på
festen. Her er det "Månadsregle" som vert sagt fram som
talekor.
3.-4. klasse har lært å
spela blokkfløyta dette
skuleåret. Fleire små
grupper spelte på festen. Gutane
leste opp morosame historier og
vitsar.
2.
klasse besøker ein bondegard
Tirsdag
15. april var me heime hos Even, som går i klassen vår. Dei har
bonde-gard, og no om våren får sauene lam. Me fekk sjå mange nyfødde
lam. Me fekk halda dei og. Dei var så fine.
Me
fekk klappa hesten også. Han var snill.
Sola
varma, og det var kjekt å eta maten ute. Evy hadde kokt kakao til
oss. Det smakte. Dei vaksne fekk kaffi.
Etter
maten såg me på hønene. Dei hadde verpa masse egg. Her kunne det
blitt minst eit bade-kar fullt med eggedosis.
Me
fekk lov å hoppa på trampoline også. Me hoppa kvar sin gong. Det
var kjempe-gøy. Elles leika me
”Gje eit lite vink” ei stund.
Alle
syntest at me hadde hatt ein særs kjekk skuledag. Me vil takka for
at me fekk lov til å koma på besøk.
Helsing
elevar og lærarar i 2. klasse
Fisketur
Alle i 7. klassen bestemte at me
skulle på fisketur i vår. Me fekk beskjed av Reidar at me skulle gå
heim og spørja om det var nokre foreldre som hadde båtar og kunne
vera med på tur. Me fekk med oss Svein Sævareid, Gunnar Molnes og
Hans Vidar Winterthun som foreldre. Leif Eikemo og læraren vår
Reidar var også med med kvar sin båt.
Kvelden
før fisketuren reiste me ut med båten og sette garn og liner. Då
såg me ei ørn ute på Vannes og mange niser. Neste dag for me ut
for å dra opp garna og linene. Me fekk ca 70 paler og nokre andre
fiskar. Så drog me inn til Havn og møtte dei andre. Reidar laga
fiskesuppe og dei som ville kunne steika fisk i folie.
9.
klasse vant Tinestafetten (05.06
2002)
Den
23. mai vant 9. klasse ved Skånevik skule den tradisjonsrike
Tinestafetten på Stord. Elevar frå dei fleste skulane i
Sunnhordland deltok.
Prøysenkveld
på Skånevik skule
Mandag 17. juni vart både
foreldre, besteforeldre og andre vaksne bedne inn til ”Prøysenkveld”
på skulen. 1.- 4. klasse hadde øvd inn songar og forteljingar.
1.klasse synte dokketeater om Teskeikjerringa og dei dramatiserte
Hompetitten med sjølvlaga og lånte bilar.
2.
klasse las dikt og song med fine barnestemmer. Dei hadde og fest i
klasserommet etterpå.
”Geitekillingen
som kunne telle til ti” skapte liv og røre i salen då 3.og 4.kl.
dramatiserte eventyret. Diktet om Løvetannen vart fint framført
med to elevar som solistar.

Mykje
publikum hadde møtt fram.
Telttur
til Botnane 4.-5. juni
Me
gjekk fra Rabben klokka 10.00. Me
brukte ca. 1 1/2 time opp
og
tok ca 3-4 pausar kvar og alle syntes at turen opp var tung.
Då me kom opp fann me oss teltplassar og slo opp telt. Det
var litt vanskeleg for det blåste og regna. Det
regna så masse at me måtte søke tilflukt i telta og når det blei
opphold så grilla me pølsa og det var kjempegodt. Men så begynte
det å regna og me måtte søke tilflukt og sånn heldt det på
resten av dagen...
Me
fekk beskjed om at me skulle gå opp på Hovlandskute. Når
klokka var blitt 17.00 gjekk me alle oppover unntatt nokre jenter
som sat igjen i telta. Det
tok ca. 1/2 time. Når me var komen opp blås det veldig og
mange var ute på tuppen og såg ned. Reidar
fortalde oss om fjellets mineraler og slikt. På nedovervegen
måtte me gå forsiktig for det var så bratt, men alle kom seg nå
heile ned.
Klokka
20.00 skulle Paul henta ved og blei beten av hoggorm. Me
la oss i tolv tida, det trudde i alle fall Reidar. Kl 03.00
var alle i senga og sov.
Neste
dag var det super fint vær og me møttes kl 08.30. Då skulle me
opp på Juraskarskjerringa. Det
tok ca. 1 time. Då me kom ned til leiren pakka me saman telta og
bagasjen. Me gjekk ned med tung bagasje. Det var ein topp tur
sjølv om de blåste og regna.
Naturstien
Me
i 7.klasse har i ei veke jobba med å laga ein natursti for 1.-4.
klasse. Postane handla blant anna om kjendisar, songstrofer, fiskar
og masse meir. Stien gjekk rundt i Miljaskogen. Elevane var flinke
til å la alle på gruppa vera med å svara.
Ryddeaksjon
Elevar
i 1.-7. klasse og ein del elevar i 8.-10. klasse har i dei første
vekene i mai vore med og rydda heile Skånevik. Elevane vart sende
ut med plasthanskar og bossekkar og kom tilbake med store mengder
boss som dei hadde funne i grøftekantane. Synd at dei skal finna så
mykje som ligg å flyt i bygda vår, men flott at elevane tar eit
tak og ryddar opp.
Oppfordring
frå Skånevik skule: La det sjå skikkeleg ut i bygda vår.
Kast ikkje søppel i naturen og rydd opp der de ser det trengs!
Skulearket
juni 2002 (27.06
2002)
Så
er eit nytt skuleår over i historia. Me håpar på ein god ferie
for alle. Fredag 21. juni sluttar elevane kl. 11.00 og skulebussen
vil gå same tidspunkt.SFO vert
framskynda til kl. 11 – 14 på fredag.
Underteikna vil på vegne
av personale takka for godt samarbeid og ynskja vel møtt til nytt
skuleår 14. august.
U-steget frå hausten
Organisering og opplegg vil verta noko endra frå hausten. FAU er
orientert om forsøket som me håpar vil verka positivt på elevane
sin motivasjon og læring.
Endringa
vil i hovudsak gå ut på:
-
Færre tradisjonelle undervisningstimar
-
Elevane arbeidar meir etter arbeidsplanar med læringsmål
-
Lærarane vil vektleggja meir rettleiing og tilrettelegging
-
Skuledagen vil variera mellom undervisning og a rbeidsøkter
med utgangspunkt i arbeidplanane
Meir
informasjon vil verta gitt i foreldremøte når skulen startar.
Personalendring
neste skuleår
Alf Ove Nilsen skal ha permisjon neste skuleår. Rådgjevar i
hans stad vil vera Njål
Dyrrdal. Margunn Mortveit er tilsett i årsvikariat neste år. Arild
Stenberg er tilbake som rektor ettter permisjon, og underteikna går
tilbake til stillinga som undervisningsinspektør. Erling Askeland,
som har vore inspektør dette året, går tilbake til Enge skule. Me
takkar Erling for flott innsats og godt samarbeid.
Anne-Karin
Børhaug skal byrja som assistent i 1.kl. I tillegg kjem ein lærling
frå barnehagen. Det kan og verta andre justeringar på
assistentstillingane frå hausten, men dette er ikkje klart enno.
Hugs
å levera inn bøker som høyrer til biblioteket!!!
SFO
Minnar om
at dei som ynskjer å slutta i SFO frå hausten må sei opp plassen
sin (gjeld ikkje dei som skal opp i 5 kl.) Dei som ynskjer
SFO-tilbod (og ikkje har i dag) må ta kontakt med meg.
Skulestart i
august
Ut frå vedtatt skulerute skulle
elevane byrja torsdag
15. august. Men grunna at kronprinsparet kjem til Etne onsdag 14,
vil det verta lagt opp til skulestart denne dagen og fri for elevane
15. aug.
Elevane
møter på skulen til vanleg tid om morgonen,
og vil verta skyssa til Etne, der dei skal stå langs ”vegen”
der kronprinsparet skal passera. Elevane bør vera fint kledde
(gjerne ha bunad på seg).
Enno
er mykje uklart rundt dette, så det er viktig at ein følgjer med i
informasjon som kommunen sender ut i samband med vitjinga.
Helsing Kjell
Ingvald

Bildearkiv
|